Jon Magnus til Kviteseid bibliotek
Bergsto brygge på sørsida av Flåvatn, om lag 3 kilometer frå Fjågesund, er ein av idyllane på Telemarkskanalen. Ein gong var dette eit travelt knutepunkt for nyttetrafikken på vannvegen mellom Dalen og Skien. Ein aprildag i 1904 var det her Eivind Ytterbø frå Tørdal steig om bord i kanalbåten, som skulle ta han første etappe på den lange sjøreisa til Amerika. Onsdag 8. april klokka 18 kjem forfattar Jon Magnus til biblioteket i Kviteseid (Garverivegen 6 - vis-à-vis Kiwi) for å ta tilhøyrarane med på denne emigrantreisa til USA og fortelje om sin eigen jakt for å finne svar om mannen som aldri vende heim til Noreg. (Arrangementet er gratis. Sjå informasjon på Facebook) Forfattaren på Bergsto brygge i 2021. Jon Magnus (f. 1948) – med familierøter i Drangedal og Notodden – var i mange år utanriksjournalist i VG og korrespondent i London, New York og Berlin. Han har skrive fleire bøker. I 2021 kom han med «Brevet fra Minnesota – i skyggen av den amerikanske drømmen». Her nøstar han opp trå
5. april 2026